Hvor

Sogndal Minilager

Har det hopa seg opp med ting? Då har me plassen du treng!

Bli den første til å anmelde

Sogndal-minilager.no blir drifta av Madeleine L. Barmen, saman med drengen Geir Arne Kvam
Idèen for Sogndal-minilager.no starta tilbake i 2018 i forbindelse med at me etablerte ny driftsbygning for dyrehald i eit nytt område på garden.

Me vart då sittande med ein byggning som har stort bruksareal, men som ikkje passa inn i vårt driftsopplegg . Det vart difor søkt om bruksendring på bygget. Deler av bygget er no gjort om til boder/lager, og me utvidar etter behov!

Sogndal-minilager.no ynkjer å tilby enkel, trygg og rimeleg lagringsmoglegheit for korttids eller langtidsleige for alle. privat som bedrift. Me ynskjer å vere fleksible, og for oss er det viktig med ein viss standard på det vi tilbyr leigetakarane våre. Me ynskjer gjerne tilbakemelding fra dykk! Positivt, som negativt!

Me gir gass, slik at det vil vere ting som skjer framover. Følg oss på facebook, så får du med deg kva som hender.